Eg ser deg for meg, der du svinsar rundt i framandt land. Dansande, sjarmerande, levande som alltid.
Du har ei utstråling som kvar gong eg kjem nær deg, held på å ta pusten frå meg.
Smilet ditt, auga dine, dei duvande brysta og duftene dine, alt saman ved deg, gjer meg gal.
Det er ikkje fritt for at det dunkar både her og der, kvar gong eg tenkjer på deg!
Men akkurat no er du så useieleg langt borte, det er faktisk ei halv jordklode mellom deg og meg; – og du veit fint lite om at du akkurat no held på å gjere meg gal.
Eg ynskjer så inderleg å vera nær deg, la meg inspirere og sjarmere av deg, sjå deg tøyse og le!
Eg brenn etter å få danse, leike, elske; – saman med deg. Særleg no når du har fått nokre muskelavspennande dråpar raudvin i kroppen.
Men eg får berre høve til å vere ei fluge på veggen. Eg kan berre tenkje på korleis du har erta og flørta denne kvelden. Om korleis du driv dine nye vener til vanvidd med det lure smilet og det lidenskapelege blikket. Om kva vi skulle gjort etter ein slik kveld på byen.
Men eg kan berre tenkje og draume, fordi eg er vel 1000 mil borte frå deg.
Eg draumer at du er vel attende på hotellrommet ditt no; – ør av inntrykk og du ligg der lett samankrøkt under dyna. Varmen frå vinen er i ferd med å breie seg til alle krikar og krokar av kroppen din.
Du ligg der tilfreds på sida, i silkemjuke sengeklede; – og med ei hand kvilande under kinnet ditt.
Den andre handa kviler godt under dyna; – gøymt mellom dei mjuke og varme låra dine.
Auga har du late forsiktig att. Nett som når du søv. Og som alltid når du kviler slik, så har du eit umiskjenneleg smil om munnvikene dine.
Den flortynne kimonoen, har umerkeleg sklidd til sides bak hofta di og det kjem til syne nokre fingrar langt der inne mellom låra dine. Du har visst gløymt å ta truse på deg, så baken lyser deilig og kvit imot meg. Sjølv om du draumer, ser eg at fingrane rører seg; – dei liksom søkjer noko.
Du veit eg ser på deg. Du veit at eg elskar det eg ser. Du veit at du gjer meg gal no.
Eg anar eit lite ertande smil om leppene dine. Du veit akkurat kva du vil, og du veit du snart vil få det du draumer om.
Hender og lepper som stryk og kyssar kroppen din; – over ømme tær og stive skuldrer; – nakke, hofter, bryst; – overalt der du plar la meg sleppe til.
I draumen vil du at lepper og tunge skal dvele ved dei delar av kroppen som får deg til å slappa av aller best; – og hendene gjer akkurat det du draumer om!
Sakte snur du deg over på ryggen. Munnen er halvopen og pusten er djup og varm.
Eg ser handa di rører seg, sakte, men rørslene er vorten meir jamne og målmedvetne.
Pusten din går tungt no og du vert snart nøydd å fukte dei tørre leppene dine.
Handa som ligg mellom låra dine, søkjer stadig innover; -djupare, tettare.
Det er så varmt, så mjukt, så glatt der inne.
Eg kan sjå på ansiktsuttrykket ditt, auga dine, smilet ditt, at du nærmar deg målet.
Pusten går fortare og fortare og du må stadig fukte dei lett skilde leppene med tungespissen din.
Den andre handa har funne fram til dei velforma brysta dine. Du stryk dei, varleg; – heilt til brystvortene struttar mot meg, ømme men freistande å smake på.
Veggar og tak byrjar å flyte saman for deg.
Rommet får nye og sterke fargar.
Eg ser at den vakre kroppen din byrjar spenne seg fordi senene på halsen din vert tydelegare.
Auga og munnen strammar seg til. Pulsen er høg, eg ser det i halsgropa di.
Så byrjar det å trille ut lydar frå det innarste av deg; – tonar som eg elskar å lytte til.
Du sukkar, du naudbed og du gjev meg ordrar. Du liksom ropar til meg om få hjelp til å nå målet!
Så knip du skjelvande låra dine tett saman om handa di.
Den eine brystvorta di får hard medfart; – men du ensar det knapt.
Så opnar du munnen, snappar ut i veret etter luft.
Deretter fer du er bort frå denne verda ei stund.
Men rommet vert fylt av musikk. Eit vell av lengselsfulle og lidenskapelege tonar.
Musikken stilnar. Kreftene dine ebbar ut.
Sakte slepp låra jerngrepet om handa di.
Dei våte fingrane vandrar sakte oppetter magen din, over brysta dine, langs den stolte halsen din og like til dei tørre leppene dine. Du fuktar dei med nektar få din eigen kropp.
Duftene dine fyller heile rommet no.
Eg elskar denne duften av deg og eg kjenner den att i draumen; – om ikkje så tydeleg som når eg kviler kinnet mot magen din, etter sjølv å ha gjort deg meir enn tilfreds med mine eigne lepper.
Det er heilt stille rundt deg og du kjenner deg ør og øm.
Du slår forsiktig opp auga. Er heilt aleine no, forvirra; – og halve jordkloden borte frå meg.
Men du kjenner det likevel som om eg nett har elska med deg, som om eg held deg i fanget og kysser deg varleg på dei oljeglatte leppene dine.
Kroppen din strålar mot meg meir enn nokosinne.
Auga smiler døsig. Leppene er fyldige og glinsar av sødme.
Så utruleg vakker du er, deilig, sensuell.
Auga dine glir sakte att og du glir umerkeleg inn i draumen igjen.
Du kjenner at kroppen din slappar så useieleg godt av ;- som etter eit rykande varmt bad.
Du kjenner deg ufatteleg tilfreds med livet; –
Livet er rett og slett er verd å nyta; – verd å leva.
Så synd at halve jordkloden er mellom oss akkurat no!